onsdag 19. oktober 2016

Det nye Europa tar form

Plan for veke 43


Denne veka skal me begynne på fagsamtalar der kvar enkelt skal seie noko om korleis det går så langt i skuleåret. Du vil dermed få oppgåver i historietimane der du skal arbeide sjølvstendig. Nå har du lært om overgangen frå nomadesamfunn til jordbruk, utviklingen av sivilisasjonar, byrjande demokrati, litt om dei fyrste menneska i Noreg, føydalisme, kristen og islamsk ekspansjon, om korleis svartedauden herja og kva følgjer det fekk og vikingtida. Kva skjedde vidare etter mellomalderen? På kva måte vart Europa dominerande?

Leonardo Da Vinci - teikning


Måndag og tysdag:


Sjå filmsnuttane under frå ei nettside til historieboka "Perspektiver" frå Gyldendal forlag, og svar kort på følgjande spørsmål på bloggen dykkar (eit spørsmål til kvar filmsnutt):
  1. Kva slags nye tankar, nye møter og nytt verdsbilete er det snakk om?
  2. Kvifor kan det bli feil å bruke omgrepet «oppdagingar»?
  3. Kva kjenneteiknar renessansen?

Filmsnutt 1: Introduksjon
Filmsnutt 2: Omgrepet "oppdagelser"


Filmsnutt 3: Renessansen?

Kart, oversjøisk ekspansjon. Frå NDLA
Når du er ferdig med dette, skal du byrje på læringsstien på NDLA som omhandlar oversjøisk ekspansjon. Han er ganske omfattande, så du skal velje eitt kontinent å fordjupe deg i. Ta notater undervegs, for du skal oppsummere på bloggen etterpå.

mandag 17. oktober 2016

Fagtekst i historie

I historietimane denne veka skal du som kjent skrive ein fagtekst om eit emne frå mellomalderen i Noreg (Vikingtida). Viss du ikkje hugsar kva oppgåve du skal skrive, finn du det på oversikten der det står når du skal ha presentasjon. Dei fyrste timane er det jo viktig å lese seg opp, finne informasjon, og lage ein plan for kva oppgåva skal innehalde. Vurderingsskjema er det same som under prøva i historie, og i fagteksten er det jo viktig at du kan presentere og diskutere på ein klar og sjølvstendig måte. Teksten skal vere mellom 1000 og 1500 ord.


I norskboka s. 37 står det litt om korleis du kan skrive ein resonnerande tekst. Det er på mange måtar ganske likt som å skrive fagtekst (sjølv om det nok blir meir presentasjon av emne i fagteksten), så her kan de hente tips. Det står også eit tekstdøme s. 38-40).

onsdag 5. oktober 2016

Markens Grøde - Revisited

Takk for i går!


Eg er veldig spent på å høyre kva de tenker etter framsyninga i går. Me skal snakke litt felles, før de skal svare på nokre spørsmål frå skulemateriellet som ligg på It's Learning. De skal svare på dei tre fyrste under "Estetikk og form" og 1, 2, 3, 4, 6, 8 og 11 under "Tematisk". Det kan vere greit å snakke saman om desse spørsmåla, så viss de vil, kan de jobbe saman i grupper. Svara kan de sende til meg på It's Learning (Norsk - Innleveringar - Norsk_Markens Grøde_05.10.16)

Skodespelarar frå Markens Grøde - Revisited


torsdag 22. september 2016

Mellomalderen i Europa og Noreg


Mål frå læreplanen:
«Presentere eit emne frå mellomalderen ved å vise korleis utviklinga er prega av brot eller kontinuitet på eit eller fleire områder»
Byggeplass i mellomalderen













«Gjere greie for samfunnsforhold og statsutvikling i Norge frå ca. 700 til ca. 1500 og diskutere mogleg påverknad frå andre kulturar, samfunn og statar»

I denne perioden skal du lære om middelalderen i Europa og vikingtida/middelalderen i Noreg. Du skal fordjupe deg i eit emne om Europa og eitt om Noreg. I veke 39 og litt av veke 40 skal du førebu deg til ein munnleg presentasjon om det tema du trekker. Du skal på ein grundig, sjølvstendig og objektiv måte gjere greie for fleire moment innanfor temaet, og legge det fram med ein presis og logisk struktur. Presentasjonen skal vare i ca. 10 min.
I veke 42 (etter haustferien), skal du presentere for lærar. Medan kvar gruppe presenterer, skal resten av klassen skrive ein fagtekst om eit emne frå Vikingtida/middelalderen i Noreg. Dette vil nok ta heile veke 42.

Du vil få ein samla karakter for desse arbeida.

Emne du kan trekke om mellomalderen i Europa:

 
Føydalismen:


Gjer greie for omgrepet, årsaker og verknadar. I kva grad vil du seie det var føydalisme i Noreg?


Svartedauden:



Gjer greie for årsaker og verknadar. Kvifor spreidde svartedauden seg så raskt? Kan du tenke deg nokon grunnar til at enkelte delar av Europa nesten slapp heilt unna pestsmitten?


Korstoga:


Gjer greie for årsaker og verknadar. Gje også nokre grunnar for at korstoga fortsatt vekker mykje diskusjon.

Utviklinga av islam:

Gjer greie for årsaker og verknadar. Finn du døme på område der islam tidlegare har stått sterkt, men ikkje gjer det i dag? Kan du tenke deg nokon årsaker til at det er slik?

Pavekyrkja og klostervesenet:


Gjer greie for årsaker og verknadar. På kva måte er Noreg og Europa i dag prega av denne utviklinga i mellomalderen?


Hundreårskrigen og utviklinga mot ein sterkare stat:


Gjer greie for årsaker og verknadar. På kva måte bidrog hundreårskrigen til å styrke statsmakta i England og Frankrike?



 Oppgåver du kan trekke når du skal skrive fagtekst om Noreg:


  1. Gjer greie for samfunnsforhold i Noreg på 1200-talet. Diskuter om Noreg har blitt påverka av andre kulturar og samfunn.
  2. Gjer greie for borgarkrigane i Noreg (1130-1228). Diskuter om Noreg har blitt påverka av andre kulturar og samfunn.
  3. Gjer greie for korleis Noreg vart eit kristent land. Diskuter om Noreg har blitt påverka av andre kulturar og samfunn.
  4. 
    Fra Wikipedia
    Gjer greie for korleis Noreg vart samla til eitt rike. Diskuter om det finst samanhengar mellom vikingferdene, rikssamlinga og kristninga av Noreg
  5. Gjer greie for korleis norske vikingar plyndra, handla og busette seg i Europa i tida frå ca. 800 og 1000. Kva tenker du om at vikingskip, hjelmar og andre kjente vikingsymbol blir brukt for å vise «norskhet» og nasjonal stolthet?




tirsdag 13. september 2016

Ei veke til prøve :)

I dag er det ei veke til prøven i historie. For å vere best mogleg førebudd, kjem nokre lure tips og arbeidsmåtar fram mot neste tysdag.

1. Arbeide vidare med kolonneskjema med omgrep frå Romerriket
2. Svare skriftleg på spørsmål s. 30 i læreboka
3. Samanlikne Hellas og Romerriket
4. Lage ei tidslinje (sjå også s. 10 i læreboka)
Foto: Adam Carr,
https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/8/88/View_of_the_Acropolis_Athens.jpg




torsdag 8. september 2016

Å tolke ein episk tekst

http://www.tekstblog.nl/wp-content/uploads/
I dag er målet at du skal forstå korleis du kan skrive ei litterær tolking av ein tekst, både ved å prøve deg sjølv og å lese eit døme på korleis du kan gjere det. Eg vil lese ein tekst høgt for klassen. Deretter skal du bruke eit modellskjema som ligg på Itslearning til å tolke teksten. Når du arbeider med modellskjemaet er det heilt i orden å samabeide med makkaren din, men eg vil at du skal skrive i ditt eige skjema.


I går lærte du om språklege verkemiddel, mellom anna besjeling, personifikasjon, kontrast og samanlikning. Når du skal tolke dette i ein tekst, skal du gjere det i tre trinn:


1. Du presenterer det språklege verkemiddelet
2. Du viser korleis det er brukt i teksten (sitat eller gjenforteljing)
3. Du kommenterer kva slags effekt verkemiddelet har (det vil seie korleis det språklege verkemiddelet er med på å underbygge di tolking av teksten)


Av og til er det vanskeleg å skille mellom f.eks. besjeling, metafor og personifikasjon. Då bruker du berre omgrepet språkleg bilete.

tirsdag 6. september 2016

Mørke trær

Foto: knavilio, https://pixabay.com/en/trees-night-silhouette-dark-tree
1. Novella Mørke trær av Mikkel Bugge står på side 467 i Norsk for påbygging. De skal lese gjennom novella kvar for dykk, og kanskje er det lurt å lese meir enn ein gong.


2. Snakk kort saman i makkargruppa om kva som er motivet (handlinga) i novella. Deretter skal de gå gjennom oppgåvene side 471 munnleg, før de skriv ned svar på spørsmåla individuelt. Svar utfyllande og med heile setningar.


3. I oppgåve 6 treng de ikkje samanlike med Knut Hamsuns Ringen, men med novella med same namn av Gro Dahle (den me las i timen i går).


4. Oppgåvene skal leverast på ItsLearning.

onsdag 24. august 2016

Retorikk - plan for onsdag 24.08

I dag skal me fortsette med å snakke om og lære om retorikk. Målet er at alle skal skrive eit blogginnlegg på mellom 200-250 ord samanhengande tekst om kvar av desse appellformene:



https://scontent.cdninstagram.com
Etos
Logos
Patos







Når du er ferdig, skal du inn på makkaren din sin blogg, og skrive ein kommentar til innlegget. I kommentaren skal du komme med to postitive merknadar til innlegget og eit tips til kva som kunne vore betre. Viss du er ferdig før makkaren din, kan du bruke litt tid på å legge inn bilete, video osv.


Me skal etterpå sjå nærmare på korleis retorikken kjem til syne i reklamar og samansette tekstar, og de vil få eit reklamebilete å jobbe med.


10.30 skal me få ein kort omvisning på biblioteket i hovudbygget, og då vil eg at alle låner seg kvar si skjønnlitterære bok.


torsdag 18. august 2016

Å opprette ein konto på Blogger



Her viser Arne Olav Nygard korleis du kan opprette ein blogg:





1. Når du har registrert deg og fått ei nettadresse, vil eg at du skal sende den til meg på Itslearning. Då kan eg legge deg til i leselista mi, og dei andre i klassen vi då også få tilgang til din blogg. Etter kvart som eg legg ut adressene dykkar i leselista i bloggen min, er det dykkar ansvar å kopiere dei og legge dei til i leselista i dykkar eigen blogg. Dette tek litt tid, men er veldig greit å berre få gjort med ein gong. Då blir det mykje lettare å finne kvarandre sine bloggar når de treng det.


2. Skriv eit innlegg der du fortel litt om deg sjølv og interessene dine, kva du skal gjere dette året, kva jobb- og skuleerfaringar du har frå før, og om du har planar vidare etter 4. påbygg.


3. Dersom du er ferdig med punkt 1 og 2, kan du legge til bilete, rediere layout eller liknande.

tirsdag 16. august 2016

Velkommen til 4PÅE!

Bilderesultat for blogging
Bildekjelde: http://buzzghana.com/wp-content/uploads/2014/03/blogging.jpg
Fyrst og fremst - Velkommen til 4. påbygg på Gand. Eg gler meg til å vere med dykk dette året!


Alle elevane i 4PÅE skal opprette sin eigen blogg. Her skal de skrive små tekstoppgåver, kommentere innlegg og legge ut bilete og evt. video. Alle vil ha tilgang til kvarandre sin blogg, så me kjem til å bruke litt tid på skulen til å lage bloggen og ei leseliste (liste med lenke til dei andre sine bloggar). Nokon av dykk har kanskje erfaring som bloggarar og kan mykje meir enn meg (iallfall sånn teknisk), mens andre aldri har vore borti det før. Dette skal vere ein fagblogg, og eg kjem jamnleg til å vere innom og lese og kommentere.


På bloggen skal de bruke eit sakleg språk, og det skal skrivast på nynorsk eller bokmål.