onsdag 19. oktober 2016

Det nye Europa tar form

Plan for veke 43


Denne veka skal me begynne på fagsamtalar der kvar enkelt skal seie noko om korleis det går så langt i skuleåret. Du vil dermed få oppgåver i historietimane der du skal arbeide sjølvstendig. Nå har du lært om overgangen frå nomadesamfunn til jordbruk, utviklingen av sivilisasjonar, byrjande demokrati, litt om dei fyrste menneska i Noreg, føydalisme, kristen og islamsk ekspansjon, om korleis svartedauden herja og kva følgjer det fekk og vikingtida. Kva skjedde vidare etter mellomalderen? På kva måte vart Europa dominerande?

Leonardo Da Vinci - teikning


Måndag og tysdag:


Sjå filmsnuttane under frå ei nettside til historieboka "Perspektiver" frå Gyldendal forlag, og svar kort på følgjande spørsmål på bloggen dykkar (eit spørsmål til kvar filmsnutt):
  1. Kva slags nye tankar, nye møter og nytt verdsbilete er det snakk om?
  2. Kvifor kan det bli feil å bruke omgrepet «oppdagingar»?
  3. Kva kjenneteiknar renessansen?

Filmsnutt 1: Introduksjon
Filmsnutt 2: Omgrepet "oppdagelser"


Filmsnutt 3: Renessansen?

Kart, oversjøisk ekspansjon. Frå NDLA
Når du er ferdig med dette, skal du byrje på læringsstien på NDLA som omhandlar oversjøisk ekspansjon. Han er ganske omfattande, så du skal velje eitt kontinent å fordjupe deg i. Ta notater undervegs, for du skal oppsummere på bloggen etterpå.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar