fredag 6. januar 2017

Nasjonsbygging og demokratisering av Noreg

På same måte som i resten av Europa, var vegen mot demokrati og nasjonsbygging dominerande også for Noreg på 1800-talet. Året 1814 blir kalla "mirakelåret" i norsk historie, og ikkje utan grunn. I tillegg til at landet vårt fekk ei eiga grunnlov i 1814, var også bøndenes framtog, spørsmålet om det norske skriftspråket, kampen om parlamentarismen og etter kvart unionsoppløysinga i 1905, nokre av dei sentrale hendingane som fann stad på 1800-talet og fram mot fyrste verdskrig.


Du skal ta utgangspunkt i fire bilete/maleri som du meiner er sentrale for å seie noko om viktige hendingar i Noreg på 1800-talet. Desse bileta skal du legge inn på bloggen, beskrive, og begrunne kvifor du har tatt med. Du skal også skrive om den historiske hendinga som er knytta til bilete. Ta gjerne utgangspunkt i Tidslinjer når du gjer dette. Hugs å oppgje kjelder (både til bilete og det du skriv). Det er også lov å vere kreativ.


"Eidsvold 1814", som er mala av Oscar Arnold Wergeland, skal alle skrive om. Maleriet blei utført i åra 1882-1885 og heng i Stortingssalen.

"Eidsvold 1814" av O. A. Wergeland (https://no.wikipedia.org/wiki/Eidsvollsbygningen#/media/File:Eidsvoll_riksraad_1814.jpeg)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar